Ein av amors pilar smeller i andletet ditt. Den treffer deg i auget og du sleng ut eit par gloser før du imellom tårane som momentant begynner å renne, augnar HAN, med store bokstaver. Idealmennesket! Du blunkar bort tårane og klyp deg sjølv i armen berre for å vere sikker på at denne guten er verkeleg. Dei neste dagane blir alle intelligente tankar forvist ut av hovudet ditt og alt du klarar å fokusera på er dei djupe, varme auga som hadde titta tilbake på deg den dagen. Det kriblar som om fire og tjue tusen maur har bestemt seg for å byggje tue inni magen din. Du er forelska.
I løpet av livet blir vi alle offer for den kjende virussjukdommen, forelsking. Det er dessverre ingen måte å bli immun mot viruset og mange får det fleire gonger. Symptoma er hjartebank, mangel på fornuftig tankevirke, konsentrasjonsproblem og ein sinnsstemning som minnar om lykkerus, men disse kan variere frå person til person. Viruset er ikkje dødelig, men det kan føre til at ein annan person får all makt over deg og blir det einaste som gjer livet ditt meining.
Det er herlig å vera forelska. Tanken på smilet hans, auga hans, latteren hans, henda hans! Lista kunne fort ha blitt lang. I dine auge er han perfekt! I begynninga er det verst. Kvardagen blir forandra - alle fornuftige tankar ser ut til å forlate hovudet i en fart omvendt proporsjonal med avstanden til den utkåra. Om han skulle finne på å snakka til deg, gløymer du alle dei velformulerte setningane du hadde øvd på i spegelen, og responsen blir ofte eit mindre intelligent smil eller eit fnis. Han veit ikkje at han sendar deg på en berg-og-dalbane av følelsar ved å med sine perfekte lepper forme eit lite einstavingsord så enkelt som ”hei”.
”Eg vil gi han min kjærleik” song Maria under oppsetjinga av ”Jesus Christ Superstar” som gjekk på Det norske teater for ei lita stund sia. Kjærleiken er som ein gåve du kan gjeve til kven du vil. Som oftast med eit håp om å få noko tilbake, men som mange av oss veit, og har fått erfare, er kjærleiken ein risikosport. Nokon gonger blir ikkje kjærleiken gjengjeldt og ein sitter igjen med eit knust hjarte på utsida av kroppen og eit febrilsk ynskje om at han skal endre meining, kome tilbake og lime hjartet ditt samen igjen. Baksida på medaljen kjem brått til syne, men som eit gamalt ordspråk seier – ”den som inkje vågar, inkje vinn”. Ein kan ikkje stole på dommen til prestekragane om han elskar deg eller ikkje. Ein må tørre å risikere å bli såret for å ha moglegheita til å bli elska. Nokon gonger endar forelsking i ein mann på eit kne og ein vakker diamantring – andre gongar i ein pakke papirlommetørklede og ein treliters dunk med is.
I ein song skriven av The Beatles seier dei ”All you need is love”, eller på norsk; alt du treng er kjærleik. Sjølv om kjærleiken er ein risikosport, er den verdt å ta sjansen på. Du bestemmer sjølv når du vil hoppe utfor stupet, slå ut fallskjermen og få ein herleg oppleving!
*************************************************
|